2. Seniorturnering

11. mai, 2021

Kveldens suverene vinnarar vart Bjørg Døssland (vi beklagar tidlegare feil) og Svein Johannes Stuve. I klassen menn +70 vann Olav Tr. Torpe. Korleis dei andre deltakarane gjorde det, kan du lese i Golfbox. I regn og til tider sterk vind stilte 15 vaksne menn og 7 spreke damer til start. Stundom var vinden så utfordrande at både bagger velta og ballar landa på andre stader enn planlagt. Mange deltakarar tok seg tid til å vere att i Lunden etterpå for å få med seg resultata og trekking av gevinst.

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...