Det einaste dei 10 deltakarane hadde til felles denne solrike ettermiddagen var at alle hadde putter som ein av dei tre køllene dei kunne ha med seg. Resultata varierte frå +1 til +16, så det er tydeleg at nokon kanskje har trent meir med berre tre køller enn andre. Vinnarane vart Ole Johnny Gule og Ingunn Grevstad. Vi gratulerer!
Rekordstort oppmøte på Grillturneringa 21.06
Laurdag 21.06 gjekk grillturneringa av stabelen på Børve. Med nærare 40 spelarar påmeldt er dette rekord, ekstra kjekt var det at store delar av deltakarane var yngre golfarar! Klubbsjef Harald Buene fortalte under grillmiddagen at han håpar at ungdommen fortsett å...