Årets siste “Vegen til Golf” (VTG) kurs

22. august, 2021

Endeleg, no får du høve til å lære deg golf. Vi skal ha nytt kurs med oppstart torsdag 26.08.2021 kl 17.30 på driving rangen. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg trygt gjennom utstyr, slag, reglar og det du elles må kunne for å gå ut på banen. Dag to avtaler de der og då, men det blir lørdag 28. eller søndag 29.august. Vi har utstyr til låns. Her kan du lese meir om kurset https://www.golfforbundet.no/spiller/spille-golf/veien-til-golf/ Der finn du og link til e-læringskurset som du må ta – helst før 26.08. Viss du vil ta VTG-kurset, melder du deg på ved å sende navn, adresse, fødselsdato/år og e-mail adresse til Hardangergolfklubb@gmail.com Prisen på kurset er som før, dvs kr 1900 for dei over 19 år og kr 600 for dei frå 12 til 19. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). 

Andre innlegg

Golfkurs 19. juni

Ynskjer du å læra deg golf før sommaren er i gang? Då er du nøydd å bli med når Hardanger golfklubb arrangerer golfkurs 19.06 kl. 17.30-20.30! Dette er det siste kurset me arrangerer før sommaren. Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og...

Grillturnering 29. juni

HGK inviterar til ei trivelig scrambleturnering (lagturnering) laurdag 29.06 kl. 16.00. Etter at alle har spelt 12 hol blir det servering av grillmat i Lunden. Her får ein ei super moglegheit til å bli betre kjend med ei andre som spelar golf i klubben, samstundes som...

Barnegolf

Bra oppmøte på barnegolf i dag!Ny moglegheit neste torsdag 17:30