Årsmøte

20. januar, 2021

Styret kallar inn til årsmøte torsdag 18.februar kl 19. Vi kjem attende til om det blir eit fysisk eller eit digitalt møte. Dette vil vere avhengig av Covid-19 restriksjonar. Saker som eit medlem ynskjer å ta opp, må sendast til hardangergolfklubb@gmail.com innan torsdag 4.februar.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli kunngjort på denne nettsida hardangergolfklubb.no seinast ei veke før årsmøtet, dvs. seinast 11.februar.
For å ha stemmerett på årsmøtet må medlemmer ha fylt 15 år og ha vore medlem minst ein månad og ha betalt kontingent.
Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. Du kan lese meir om årsmøte og reglar her.

Velkomen til årsmøtet!
Vennleg helsing styret i Hardanger golfklubb

Andre innlegg

Trenarutdanning – Noko for deg?

Golfforbundet arrangerer Trenar1 utdanning på Fana golfklubb! Det er to samlingar, 23-25.april og 11-12.september. I tillegg kjem to teoriøkter på nett, 14.april og 7.september. Ta kontakt snarast via hardangergolfklubb@gmail.com dersom du er interessert. Det er ikkje...

Årsmøtet 18.02. klokka 19

Årsmøtet vert digitalt på  https://grannehjelpa.whereby.com/solhaug Det er lurt å logge inn i god tid. Du kan vere på pc eller på telefon. På PC er det viktig at du brukar nettlesaren som heiter Google Chrome. Vanlegvis er det berre å klikke på linken og ha på...