BAnen

Hardanger golfklubb

Banen til Hardanger Golfklubb ligg idyllisk plassert ved Hardangerfjorden. Næraste tettstad er Øystese, banen ligg på Børve.

På klubbhuset finn du diverse info, inkludert slopetabellar og prisar. Det er sjølvbetjening på betaling av greenfee, bruk gjerne Vipps96898 
Skjema og scorekort finn du i boksen på klubbhuset. 
Det er no innstalert kortautomat på ballmaskina.

Hardanger Golfklubb har eit lite klubbhus som ikkje er bemanna, drivingrange på 200 meter og 6 hol.

Utslagstee for born merka med oransje spraymaling direkte på gras

Alle vanlege, både debet og kreditt kort kan nyttast, også ApplePay

Hol 1

Par: 5
Gul: 410m
Raud: 330m

Fyrste holet er banens einaste par 5 hol og det vanskelegaste med index 1, 2 og 3. Utslaget er smalt mellom tre på begge sider, out of bounds til høgre og skog til venstre. Det er ein skarp dogleg til venstre på fairwayen.

Greenen ligg høgt oppe i forhold til fairwayen, noko som gjer avstandsvurdering vanskelegare. Når du kjem opp, er greenen ganske stor, men forholdsvis flat. Par er ein god score på dette holet.

Hol 2

Par: 4
Index 10,11,12
Gul: 250m
Raud: 185m

Dette holet er par 4. For gult utslag er det viktig å passe på at det ikkje er turgåarar i vegen som går ca. 30 meter framfor tee-staden. Den som slår langt skal vera klar over at det  er kvite stakar på høgre side på haugen framfor. Då må ein slå ca  160 meter og for skeivt til høgre. Med eit godt slag rett fram er det neste slag mellom 100 og 60 meter langt. Greenen har ein sandbunker i forkant mot venstre. Til høgre er det kvite stakar, slik at ein må vurdera  denne risikoen. Det idelle slaget er litt til høgre.

Raudt utslag kryssar ikkje vegen, men har same risiko med kvite stakar på høgre side.

Hol 3

Par: 3
Index 13,14,15
Gul: 140m
Raud: 140m

Dette er eit relativt lett hol på ca. 140 meter. Hvis du ikkje vil gå rett på pinnen, så er det å anbefala at du legg deg til venstre, der dei siste ca 30 meter er som ei trakt inn på greenen. Er du på høgre side kan du ha problemer, og ein provisorisk ball er å anbefala for å spara tid.

Hol 4

Par: 4
Index 4,5,6
Gul: 276m
Raud: 242m

Fyrste holet er banens einaste par 5 hol og det vanskelegaste med index 1, 2 og 3. Utslaget er smalt mellom tre på begge sider, out of bounds til høgre og skog til venstre. Det er ein skarp dogleg til venstre på fairwayen.

Greenen ligg høgt oppe i forhold til fairwayen, noko som gjer avstandsvurdering vanskelegare. Når du kjem opp, er greenen ganske stor, men forholdsvis flat. Par er ein god score på dette holet.

Hol 5

Par: 4
Index 7,8,9
Gul: 248m
Raud: 210m

Kort par 4 hol med dogleg til høgre. Du ser ikkje nedslagsområdet på fairwayen frå utslaget. Slår du til høgre er det skog heile veien og sidevasshinder. På venstresida er det tjukk rough og ein bratt skråning.Av sikkerhetsmessige årsaker er det ikkje lov å slå rett inn på greenen frå utslaget.Kjem du deg fram til fairwayen er det eit kort innspel til greenen med ein wedge. Greenen heller vekk på begge sider og kan vera vanskeleg å halda. Bak området i bakkant av greenen er det out of bounds.

Hol 6

Par: 3
Index16,17,18
Gul: 98m
Raud: 98m

Banens siste og kortaste hol. Ganske rett fram frå eit utslag høgare enn greenen. Greenen heller vekk frå senter og kan vera vanskeleg å halda. Slår du kort eller til venstre får du ein vanskeleg pitch mot greenen. Det er betre å bomma litt til høgre for greenen. Slår du for langt ligg det ein bunker i bakkant.

Driving Range

Vår drivingrange ligger med flott utsikt mot Torefjell og her kan du slå ballar på inntil 200 meter.

Våren 2019 har det blittt installert kortautomat på ballmaskina. Alle kort kan brukast, også ApplePay.

Golfreglar

Her kan de lesa om dei nye golfreglane som gjeld frå 1.januar 2019. Kortversjon finn de her.

Interessant for oss er regelen for banar med robotklypparar:

Formål: Noen baner har utplassert robotklippere (og ladestasjoner) på banen. Robotklippere er svært kostbare og har innebygget alarm og GPS-mottaker. Disse robotklipperne må derfor ikke flyttes (da går alarmen) og de må beskyttes. Denne lokale regelen brukes dersom det er robotklippere på banen.

Forslag lokal regel N-1

På denne banen brukes motoriserte robotklippere som ikke må stoppes, løftes eller klipperetning påvirkes. En klipper i ro og i ladestasjon er en uflyttbar hindring. Fritak må tas etter regel 16.1.

En ball i bevegelse som ved et uhell blir stoppet eller får forandret retning av en klipper i bevegelse, må spilles fra der den kommer til ro, se regel 11.

En ball i ro som flyttes av en klipper i bevegelse må plasseres tilbake, se regel 9.6.

Hvis en klipper i bevegelse fysisk påvirker spillet, kan spilleren vente til klipperen har flyttet seg og ikke lenger gir slik påvirkning.

Straff for å spille ball fra et feil sted ved brudd på lokal regel: Generell straff etter regel 14.7a.

Lokale reglar gjeldande f.o.m. 2020

Generelt

Motoriserte robotklypparar må ikkje stoppast eller løftast.
Ein klyppar i ro er ein uflyttbar hindring. Fritak etter regel 16.1.
Ein ball i rørsle som ved eit uhell vert stoppa eller får endra retning av ein robotklyppar i rørsle, må spelast frå der den kom til ro, sjå regel 11.
Ein ball i ro som vert flytta av ein robot klyppar i rørsle må plasserast tilbake, sjå regel 9.6.
Om ein robotklyppar i rørsle påverkar spelet fysisk, kan spelaren venta til robotklypparen har flytta seg og ikkje lenger gjev slik påverknad.
Straff for å spele ball frå feil stad ved brot på lokal regel: Generell straff etter regal 14.7a.
Ball i synleg steinsett og/eller singla veg og grøft, eller på skarv, får fri dropp. Regel 25-1.

Hol 1

Det er ikkje lov å slå frå tee mot green pga sikringsårsaker.

Hol 2

Ball i sidevasshinder bak green skal droppast ei køllelengde frå stolpe som viser droppsone. Stolpen er uflyttbar hindring. Ball i GUR kan plasserast. Næraste spelbare punkt for fritak skal vere imot green.

Hol 3

Slå to gonger i bjølla når du kjem til tee.

Hol 5

Det er ikkje lov å slå frå tee mot green pga sikringsårsaker. Slå tre gonger på signalhylsa før du går frå dogleg til green.

Slopetabellar frå 1.juli 2019-2022

Tabell for hcp 54-36.
Klikk på biletet for å sjå det større.