Den kalde årstida nærmer seg, så i dag er robotklipparane vorte tekne inn. Fairway, rough og greener vil ikkje verta klippte meir i år. Banen er I forhold til årstida svært tørr og fin å spela på, og den er open for spel så lenge været tillet det. Vær merksam på at dersom det er frost på greener, er det ikkje lov å spela eller gå på dei. Når flagga vert fjerna frå greenene, er det ikkje lenger lov å spela på dei.
🎉 Fantastisk nyheit for barne- og juniorgolfen i Hardanger Golfklubb! ⛳
I dag mottok vi heile 142.000 kroner i støtte frå Sparebanken Norge til arbeidet vårt med barn og unge. Midlane skal nyttast til å gjere golfen tilgjengeleg for alle gjennom utlån av golfbaggar og utstyr, vidareutvikling av treningsfasilitetar, egne utslag og innkjøp...