Barnegolf-trening

9. mai, 2024

Er ungen din interessert i å testa ut golf?
Kvar torsdag kl 17:30 – 18:30 framover startar Hardanger Golfklubb opp igjen med barnegolf for born mellom 1. og 7.klasse. Oppmøte ved driving rangen. Oppstart 09.05.24. Dersom du ikkje har eigne køller kan du få låna gratis golfkøller av klubben. Instruktørane er Michael Iversen og Sondre Solberg.
Tilbodet passar like bra for born som aldri har rørt ei golfkølle, til dei med meir erfaring. Målet er å etablera ei sosial gruppe med mål om å kosa seg saman med golf. Kvar enkelt vil få individuell rettleiing, trena på å slå lange slag på driving rangen, samt chipping og putting på bane. I tillegg vil ein ha moglegheit for deltaking på turnering mot andre i klubben på same alder.
Tilbodet er gratis for deg som allereie har tatt «Vegen til golf» (VTG-kurs) og/eller har betalt medlemskontigent på kr 300,-. Nybegynnarar som ikkje har tatt golfkurs kan sjølvsagt delta, men betalar då kr 50,- per gong for dekking av ballar og leige av køller.
OPPSTART 09.05.24 kl17:30.
Me vil nytta oss av appen SPOND for registrering av deltakarar på sikt, men i starten er det berre til å møta opp utan påmelding. Dersom noko er uklart, ta kontakt med Michael Iversen, 97678489.

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...