Barnegolf

13. mai, 2021

Kvar tirsdag kl 18 er det barnegolf på golfbanen på Børve. Denne tirsdagen var det full aktivitet, først med litt individuell instruksjon på driving rangen av trenar Michael Iversen, for så å gå ut på hol 3 og prøve å slå frå den nye “Oransje Tee”. Alle hol har no fått oransje tee eller junior tee, noko som ivrige forledre syns var veldig bra. Klart meir motiverande når du kjem fram til green på 3 slag i staden for 5. Neste gong skal dei øve meir på gras, og gå på eit nytt hol. Vil du vere med, er det berre å møte opp!

Andre innlegg

Vegen til golf (vtg-kurs) 10.mai

Vtg-kurset vert gjennomført 10.mai 11.00-19.00. For å bestå kurset må du få nødvendig golfinstruksjon på kursdagen, og i tillegg spela to runder på banen saman med “fadder”. For meir info og påmelding, ring Harald Buene tlf 99384085

BANEOPNING

Banen og er åpen for golfing frå og med i dag. Du bookar tee-time i Gimmie. Hugs på å legg på plass torv, og ikkje gå eller slå dersom det er frost i graset. Då vert graset øydelagd. Ha ein fin dag!

Åpningstid

Me planlegger åpning av bana i løpet av neste veke (veke 14) Fint om alle legger tilbake torv og reparerer nedslagsmerker. Om det ikkje er du som har laga merker på banen er det lov å hjelpe. Kvistar sett seg fast i robotklypparane så fint om de kan ta dei med og...