Chip og Put

27. mai, 2021

23 herrer og damer deltok i konkurransen i det fine vårværet. Arrangøren hadde laga 3 utfordringar på kvart hol. Avstanden frå flagga varierte, og det same kan vel seiast om chippane og puttane. Dei som tok utfordringane på strak arm vart sjølsagt best. Alle konkurrerte i same klasse og kveldens vinnar vart, ikkje uventa, Jon Klyve! Ikkje langt bak, på delt 2dre plass kom Svein Lund og Bjarte Døssland. Vi gratulerer! Nytt av året er at alle premiar blir delt ut rett etter konkurransane – Astrid Sundfjord hadde stålkontroll på dette.

Andre innlegg

Stengt bane

Vinter og frost gjer at me no har stengt både bane og drivingrange for sesongen. Me håper på ein kort vinter slik at me kan opna tidleg til våren. Men fortvil ikkje, før jul vil det koma 🏌 golfsimulator i bygda. Meir oppdatering om det kjem etter kvart.

Banestatus

Den kalde årstida nærmer seg, så i dag er robotklipparane vorte tekne inn. Fairway, rough og greener vil ikkje verta klippte meir i år. Banen er I forhold til årstida svært tørr og fin å spela på, og den er open for spel så lenge været tillet det. Vær merksam på at...

Drivingrange

Driving range er stengt mellom kl 10-11.30 laurdag pga dugnad med ballplukking.