Flaggturnering

11. september, 2021

I morgo, søndag 12.09. er det flaggturnering med start klokka 15!
Alle får tildelt slag ut frå hcp. Om å gjere å kome lengst mogleg på banen til slaga er brukt opp. Det skal i utgangspunktet spelast 12 hol (men ein kan sjølvsagt koma lenger om ein speler betre enn sitt hcp).

Oppmøte ein halv time før starttid. Meld deg på i Golfbox!

Andre innlegg

Haustdugnad laurdag 25. september kl. 10.00-14.00

Det blir tradisjonell haustdugnad med rydding rundt utslag, bunker, busker/tre langs gjerde, ballplukking i skogen, Lunden, tilpassing av utslag på hol 6, plate for lagring av sand, busker og tre langs fairway. Ta med litt utstyr, river, spade, sag (motorsag om du...

Flaggturnering

Dessverre var det berre 8 som deltok, men til gjengjeld var det kniving om førsteplassen. Dei fleste havna rundt hol 5 andre runde, men best av alle var Bjarte Døssland som hadde 4 ubrukte slag etter at ballen var i koppen på hol 5. Vi gratulerer! Resten av resultata...

Putteturnering

Hei! Vi gjentek suksessen frå i fjor og skipar til putteturnering onsdag 15.9.Putter frå tre avstandar på kvar green, 12 greenar. Alle spelarar i same klasse.Vel møtt og lukke til! Påmelding i Golfbox!