Første Serieturnering, Minglegolf og Barnegolf

29. april, 2021

Alt dette har skjedd denne veka. I går var det årets første seniorturnering med 17 deltakarar – 5 av desse var damer, og det var gledeleg auke frå i fjor! Vinnarane vart Christoffer Gjerde og Randi Hjemlestad. Vi gratulerer! Resten av resultata finn du i Golfbox. Sjekk kalendaren på sida her for å finne ut når neste gong er – meld deg på i Golfbox!

Tirsdag var det Minglegolf og Barnegolf – her er det plass til fleire sjøl om det møtte 5 ungar. Kanskje nokon foreldre har lyst til å prøve golf medan ungane er på kurs? I så fall har vi utstyr til låns! Dette er faste aktivitetar som går kvar tysdag klokka 18 fram til 15.juni.

Andre innlegg

Banen er stengt

Frosten har komt, og for å ivareta greenane og banen er det bestemt å stengje for i år. Takk til alle medlem og besøkjande ved Hardanger Golfklubb denne sesongen!

Siste sjanse!

Årets siste turnering! Førstkomande søndag kl 12.00 vert det arrangert scrambleturnering. Ein speler då 2 og 2, eller 3 og 3 saman på lag, med den best plasserte ballen til ei kvar tid. Etter turneringa vert det servert kaffi og vafler i klubbhuset med premieutdeling...

Lokal golfar tangerar Hovland!

Jostein Solberg gjentek suksessen frå tidlegare sesongar, og varta opp med nok ein hole in one på Børve golfbane. Jostein står dermed likt med Viktor Hovland etter endt sesong med tanke på antall hole in one's i 2023. Me gratulerar!