Golfkurs 14.mai

9. mai, 2024

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens andre “Veien til golf”-kurs ⛳ Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Dato for kurset blir: 14.05. kl. 17.30 til 20.30. Dag to av kurset blir de einige om etter de er ferdige med første time.

Vegen til golf (VTG) kostar 1900 for vaksne og kr 600 for juniorarDet året du gjennomførar VTG-kurs får du gratis medlemskap og spelerett ut året! Året etter gjennomført VTG-kurs får ein gratis spelerett, men må betale årsmedlemskap (spelerett betyr at du kan spele fritt på bana). 😁 📞 Påmelding og spørsmål sendast til Harald Buene 99384085

Andre innlegg

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...