Golfkurs våren 2024

7. april, 2024

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens fyrste “Veien til golf”-kurs ⛳

Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana.

Datoane for kursa blir:

19.04. kl. 17:30 til 20:30.

14.05. kl. 17.30 til 20.30.

Vegen til golf (VTG) kostar 1900 for vaksne og kr 600 for juniorar. Det året du gjennomførar VTG-kurs får du gratis medlemskap og spelerett ut året! Året etter gjennomført VTG-kurs får ein gratis spelerett, men må betale årsmedlemskap (spelerett betyr at du kan spele fritt på bana). 😁

📞 Påmelding og spørsmål sendast til Harald Buene 99384085.

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...