Hjartestartar

12. mai, 2022

Hardanger golfklubb har fått hjartestartar av SparebankenVest. Hjartestartaren vil bli plassert i Lunden, tilgjengeleg for alle. Det vil bli skilta frå gangvegen slik at alle som er i området og har bruk for den, finn den lett. I tillegg vil den bli å finne i Hjartestartarregisteret straks den er på plass i Lunden. Klubben skal finne ut om det er mogeleg å ha den der heile året, eller om den kan verte øydelagt av frost. Tusen takk til SparebankenVest for den flotte livreddande gåva!

Styremedlem Anette Gåsø Stuve får overrekt hjartestartaren av Banksjef May Turid Tømmervik

Andre innlegg

NYTT VTG-KURS

VTG-kurs 06.09.25 kl 11.00Kurset består av litt teori og opplæring av grunn slagene putting, chipping, bunkerslag og jernslag.I kurset får du:-VTG-kurs-Medlemskap 2025-Selerett 2025Etter kurset skal ein gå 18 hol på ein golfbane med fadder For info og påmelding: tlf...

Kjære medlemmer

Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at det av og til er folk ute på bana som ikkje har registrert seg i Gimmie. Dette skaper litt frustrasjon, spesielt når andre har registrert seg og må vente ved hol 1 fordi det allereie er grupper i gang.Vi har òg sett at det i...

Rekordstort oppmøte på Grillturneringa 21.06

Laurdag 21.06 gjekk grillturneringa av stabelen på Børve. Med nærare 40 spelarar påmeldt er dette rekord, ekstra kjekt var det at store delar av deltakarane var yngre golfarar! Klubbsjef Harald Buene fortalte under grillmiddagen at han håpar at ungdommen fortsett å...