Hjartestartar

12. mai, 2022

Hardanger golfklubb har fått hjartestartar av SparebankenVest. Hjartestartaren vil bli plassert i Lunden, tilgjengeleg for alle. Det vil bli skilta frå gangvegen slik at alle som er i området og har bruk for den, finn den lett. I tillegg vil den bli å finne i Hjartestartarregisteret straks den er på plass i Lunden. Klubben skal finne ut om det er mogeleg å ha den der heile året, eller om den kan verte øydelagt av frost. Tusen takk til SparebankenVest for den flotte livreddande gåva!

Styremedlem Anette Gåsø Stuve får overrekt hjartestartaren av Banksjef May Turid Tømmervik

Andre innlegg

Barnegolf torsdag 16.mai

På torsdag (i morgon) er det ny runde med barnegolf kl17:30-18:30. Tilbod for 1-7. klasse. Me møtast på rangen i finværet. 😉 Ta med ungen, uansett om ein har spelt før eller ikkje! MvhSondre og Michael

Barnegolf-trening

Er ungen din interessert i å testa ut golf?Kvar torsdag kl 17:30 – 18:30 framover startar Hardanger Golfklubb opp igjen med barnegolf for born mellom 1. og 7.klasse. Oppmøte ved driving rangen. Oppstart 09.05.24. Dersom du ikkje har eigne køller kan du få låna gratis...

Golfkurs 14.mai

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens andre "Veien til golf"-kurs ⛳ Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Dato for...