Lyst til å begynne med golf?

7. juni, 2021

No er det siste sjanse før sommaren! Fredag 18. juni klokka 17.30 arrangerer vi dag 1 av “Vegen til golf” (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) – du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar viss du ikkje har vore inne før. Vi hjelper dei som melder seg på. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg gjennom diverse slag og reglar, slik at du er klar til å gå ut på banen. Kurset er ope for alle, og vi har utstyr du kan låne gratis. Dag 2 blir søndag 20.juni og tidspunkt avtaler de fredagen.
Vi har same prisane som i fjor, dvs kr 1900 for dei over 18år og kr 600 for dei frå 12 til 18. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). Meld deg på til hardangergolfklubb@gmail.com så snart som mogeleg (Max 10 deltakarar). Oppgjefullt navn, fødselsdato, adresse, tlf og e-post.

Andre innlegg

Medlemskap 2024

Ei lita påminning til alle golfarar ved Hardanger Golfklubb. Hugs å betala for medlemskap til kontonummer: 3530.26.38940. Prisar for medlemskap finn du på https://hardangergolfklubb.no/prisar/

Golfkurs våren 2024

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens fyrste "Veien til golf"-kurs ⛳ Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Datoane...

Info om baneåpning

Golfbanen er no opna for spel. Men hugs å legga på plass torver/divoter og reparer nedslagsmerker på greenene. Dersom det vert slurva med dette, vil me måtte stenga til det vert vekst i graset. Driving-range er stengt inntil snøen er vekke og me har fått på plass...