Lyst til å begynne med golf?

7. juni, 2021

No er det siste sjanse før sommaren! Fredag 18. juni klokka 17.30 arrangerer vi dag 1 av “Vegen til golf” (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) – du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar viss du ikkje har vore inne før. Vi hjelper dei som melder seg på. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg gjennom diverse slag og reglar, slik at du er klar til å gå ut på banen. Kurset er ope for alle, og vi har utstyr du kan låne gratis. Dag 2 blir søndag 20.juni og tidspunkt avtaler de fredagen.
Vi har same prisane som i fjor, dvs kr 1900 for dei over 18år og kr 600 for dei frå 12 til 18. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). Meld deg på til hardangergolfklubb@gmail.com så snart som mogeleg (Max 10 deltakarar). Oppgjefullt navn, fødselsdato, adresse, tlf og e-post.

Andre innlegg

Årsmøte 2024

Årsmøtet 2024 vert arrangert 22. februar kl 19:00 ved Kvam vidaregåande skule - avdeling Steinsdalen (tidlegare Yrken). Har du forslag eller innspel til saker som skal drøftast under møtet må dei sendast inn til hardangergolfklubb@gmail.com seinast to veker før møtet....

Banen er stengt

Frosten har komt, og for å ivareta greenane og banen er det bestemt å stengje for i år. Takk til alle medlem og besøkjande ved Hardanger Golfklubb denne sesongen!

Siste sjanse!

Årets siste turnering! Førstkomande søndag kl 12.00 vert det arrangert scrambleturnering. Ein speler då 2 og 2, eller 3 og 3 saman på lag, med den best plasserte ballen til ei kvar tid. Etter turneringa vert det servert kaffi og vafler i klubbhuset med premieutdeling...