Førstkomande tirsdag klokka 18-19.30 startar vi med noko vi vil kalle “Minglegolf”, og DU er invitert enten du er heilt fersk i golf, eller har drive med det lenge. Det vil alltid vere ein frå klubben som har ansvar, og som du kan få gode tips av viss du er heilt fersk. Vi har og køller til låns. Planen er å slå litt på driving rangen først, og så går vi ut på banen i blanda lag, dvs både nybegynnarar og meir erfarne på same lag, og spelar på beste ball. Det fungerer slik at alle slår ut, og så slår alle vidare frå der beste ball ligg, heilt til vi er komne i koppen/holet på green. Dette satsar vi på blir både sosialt og kjekt, og at vi også kan læra litt om reglar m.m. Vi håpar dette høyrest fristande ut enten du er nybegynnar eller gammal travar, og at vi ser deg på tirsdag!
Åpningstid
Me planlegger åpning av bana i løpet av neste veke (veke 14) Fint om alle legger tilbake torv og reparerer nedslagsmerker. Om det ikkje er du som har laga merker på banen er det lov å hjelpe. Kvistar sett seg fast i robotklypparane så fint om de kan ta dei med og...

