Nye prosjekt på Golfbanen

15. april, 2021

Takka vera gåve frå Sparebanken Vest sitt Eldsjelfond kan vi no setje i gang med å lage treningsfelt for barn og unge. Trening kan ikkje føregå på sjølve banen når den er open for spel og turnering. Vi treng derfor eit treningsområde med green, chip/pitch og bunker som kan nyttast til trening heile tida av alle som ynskjer det. Sentralt på golfbanen på Børve er det eit område som er for det meste sikra med tryggleiksnett mot drivingrange og utslagsområde for ordinært spel, som vil vera godt egna til føremålet. Området er om lag 50x40m. Les meir her.

Arbeidet vil starte opp i vår. På vegne av alle brukarane av golfbanen seier vi tusen takk til generalsponsoren vår

Andre innlegg

🎯 Target Zone!

No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...

VTG-kurs i helgen⛳

I helgen har vi gjennomført et nytt Veien til Golf (VTG)-kurs. Til tross for skiftende vær stilte deltakerne med godt humør, stor innsats og lærelyst gjennom hele helgen. Deltakerne har fått en innføring i golfens grunnleggende teknikker, regler og etikette, og vi...

Påminning om betaling av medlemskap

Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...