Onsdag skjedde det igjen!

24. mai, 2021

Jostein Solberg fekk Hole in One (HIO) på hol 3! Det fantastiske er at dette ikkje er første gong, men faktisk 3dje gong han får til denne bragden. Dei to forrige HIO fekk han på hol 6. Ikkje nok med det, han vann og serieturneringa onsdag. Det same gjorde kona, Reidun Skålheim Solberg i dameklassen og sonen, Eivind Solberg, i juniorklassen. Vi mistenkjer Jostein for å vera ein god læremeister. Gratulerer til heile familien, men mest til han som vi må kunna kalla HIO-meister på golfbanen på Børve!

Andre innlegg

Golfkurs 14.mai

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens andre "Veien til golf"-kurs ⛳ Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Dato for...

Dugnad = PGA protime med Buene?

Innkalling til dugnad tysdag 14 mai kl 18.Det vert dugnad på golfbanen tysdag 14 mai kl 18 - ca 20Det som skal gjerast er ferdigstilling av nytt utslag på "gamle" hol 5:- Fylla flis på veg ut til nytt utslag for hol 5 (eller nye hol 6??)- Rydda resten av kvister og...

Gimmie-oppdatering

Gimme-appen er blitt oppdatert i dag, og me anbefalar alle å oppdatera til ny versjon for å unngå eventuelle problem. God golf-helg!