Påfyll med Jon Klyve

9. april, 2021

Dette er utsett ei veke grunna snø – dei berørte skal ha fått mail om det. Vi har framleis eit par ledige plassar!

Påfyll

Golfsesongen er rett rundt hjørnet, og då er det godt vi har ein Norgesmeister i klubben, Jon Klyve, som vil dra dykk i gang att. Han tek 3 personar om gongen med minst 2 meters avstand, og godt smittevern. Oppfriskinga/påfyllet varer i 1 time. Det er GRATIS. 
Vil du vita meir/vera med, send oss ein e-post på hardangergolfklubb@gmail.com snarast.

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...