Seniorvinnarar

6. september, 2021

Bedre seint enn aldri, her er resultata frå siste seniorturnering og samanlagtvinnarar. Det var tett i toppsjiktet i dameklassen, men den som tok samanlagtsigeren til slutt var Astrid K Sundfjord. Vi gratulerer! I herreklassen var det ikkje fullt så tett, Bjarte Døssland hadde sigeren i lomma og heldt hovudet kaldt, og då gjekk det rett til topps. Vi gratulerer!

I tillegg til å verta samanlagtvinnar, vann Bjarte og den siste seniorturneringa. Kveldens vinnar i dameklassen var Marit S Skeie. Vi gratulerer! Samstundes vil vi takke alle trufaste deltakarar for frammøte dette året, og seier vel møtt til neste år!

Andre innlegg

Påminning om betaling av medlemskap

Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...

Utsatt serieturnering

På grunn av dårleg vær samt at greenane vart pigglufta og dressa på laurdag, er onsdagsturneringa denne veka flytta til neste veke, dvs. den 17. juni. Påmelding i Golfbox innan onsdag 17. juni kl 12.00. Meld deg på her.

Arbeid på banen laurdag 06. juni

Laurdag vert det litt arbeid på golfbanen frå kl 13 til ca 17. Greener må holpipast og dressast. Dette er heilt nødvendig for å få fine greener denne sesongen. Arbeidet må dessverre gjerast når det er bra vær. Me mangler og 2-3 personer til å vera med på dugnad frå kl...