Siste Serieturnering før ferien

1. juli, 2021

24 varmegrader hindra ikkje 17 spelarar i å delta i går kveld. Det er litt færre enn vanleg, men forståeleg både pga varmen og feriestart. To av dei som var med, deltok for første gong. Jarle Ystebø gjekk i flight med Geir Leivestad, og det viste seg at dei hadde teke VTG saman i 2015, så dei hadde funne tonen raskt. Jarle streva mest med utslaga i følgje han sjøl, men vart oppmuntra av Geir som sa at det var mengdetrening som skule til. Både Jarle Ystebø og Lars Ese Ur, som var den andre ferskingen, sa deltaking frista til gjentakelse! Resultata viste at dei klarte seg bra og hadde kontroll på startnervøsiteten.

Kveldens vinnarar vart Jostein Solberg og Randi Hjemlestad, men sidan Gert Remeijer fekk Hole in One (HiO) på hol 6 vil vi utrope han som kveldens vinnar og! Vi applauderer og gratulerer!

Andre innlegg

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...