Siste sjanse!

7. oktober, 2023

Årets siste turnering!

Førstkomande søndag kl 12.00 vert det arrangert scrambleturnering. Ein speler då 2 og 2, eller 3 og 3 saman på lag, med den best plasserte ballen til ei kvar tid.

Etter turneringa vert det servert kaffi og vafler i klubbhuset med premieutdeling til vinnarane. Harald Buene informerer også om ny 9holsbane, og vinterplanar for golfbanen. Vel møtt!🏌‍♀️🏌🏽

Andre innlegg

Klubbmeisterskap

Søndag 3. september kl 15:00 går klubbmeisterskapet av stabelen. Me vonar at så mange som mogleg vil delta! Me stiller med café, og flotte baneforhold. Spelarar i alle aldrar er velkomne og det vert delt ut pokal i følgjande aldersklassar: Junior herrer Junior dame...

Green-dugnad og turnering 4.juni

4.juni er det klart for ny dugnad på greenane. Alle 6 greenane skal "luftast" og me treng difor di hjelp! Oppmøte er kl 12:00. Scrambleturneringa startar kl 15:00 så me siktar oss inn på å vera ferdig innan den startar. Ta med køller og godt humør, så sjåast me...

Vegen til golf-kurs

Kurset Då var det klart for årets andre golfkurs. Vi skal ha nytt kurs med oppstart onsdag 7. juni kl 18.00 på driving rangen. Harald Buene, som er PGA-coach, tek deg trygt gjennom utstyr, slag, reglar og det du elles må kunne for å gå ut på banen. Vi har utstyr til...