Den siste tida har vi i styret i golfklubben fått meldingar om at golfarar har «kjefta» på turgåarar. Dette er heilt uakseptabel oppførsel av golfarane, og vi beklagar oppførselen. Til dykk som er unge og utolmodige golfarar vil vi seie, for det første er det de som har ansvar for ikkje å slå ut ballar før banen er klar – går det nokon på vegen er det dei som har forkjørsrett – for det andre, kanskje det kan vere lurt å stå litt på utslagstee 2 og 6 og tenkje gjennom teknikk, sjå på utsikten og roe ned! Vi kjem og til å setje opp skilt som minner deko på dette. Konklusjon, kos deko på golfbanen og la turgåarane få kose seg på gangvegen!
Vegen til golf (vtg-kurs) 10.mai
Vtg-kurset vert gjennomført 10.mai 11.00-19.00. For å bestå kurset må du få nødvendig golfinstruksjon på kursdagen, og i tillegg spela to runder på banen saman med “fadder”. For meir info og påmelding, ring Harald Buene tlf 99384085