Vegen til golf

19. juni, 2021

kan vera kronglete og krevja mykje både fysisk og ikkje minst psykisk. I følgje instruktøren, Harald Buene, sit 80% i hovudet, så viss du ikkje er konsentrert om kvart slag, er du, eller rettare sagt ballen, på ville vegar. 22 personar, unge som gamle, har i løpet av våren fått erfare at dette er sant. Trøsta er at som med alle andre saker og ting du vil bli god i, så er det berre trening som hjelp. Harald har vore flink til å rettleie den enkelte, og no er det vår tur til å hjelpe. Så viss du ser ein ung eller gammal som du ikkje har sett på banen før, så spør om han eller ho vil gå ein runde eller nokre hol med deg!! Det er viktig at dei nye golfarane føler seg velkomen og ivaretatt av oss gamle travarar! Vi vil samstundes takke Harald Buene for at han har teke på seg instruktør ansvaret!

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement. Takka vere innsatsen frå mange av...