kan vera kronglete og krevja mykje både fysisk og ikkje minst psykisk. I følgje instruktøren, Harald Buene, sit 80% i hovudet, så viss du ikkje er konsentrert om kvart slag, er du, eller rettare sagt ballen, på ville vegar. 22 personar, unge som gamle, har i løpet av våren fått erfare at dette er sant. Trøsta er at som med alle andre saker og ting du vil bli god i, så er det berre trening som hjelp. Harald har vore flink til å rettleie den enkelte, og no er det vår tur til å hjelpe. Så viss du ser ein ung eller gammal som du ikkje har sett på banen før, så spør om han eller ho vil gå ein runde eller nokre hol med deg!! Det er viktig at dei nye golfarane føler seg velkomen og ivaretatt av oss gamle travarar! Vi vil samstundes takke Harald Buene for at han har teke på seg instruktør ansvaret!
GOLFKURS 23.08. ÅRETS SISTE
Ynskjer du å læra deg golf før sommaren er i gang? Då er du nøydd å bli med når Hardanger golfklubb arrangerer golfkurs 23.08 kl. 17.30-20.30! Dette er det siste kurset me arrangerer før sommaren. Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og...