VTG-kurs gjennomført med stor suksess! 🎉

31. mai, 2026

I helga gjennomførte klubben VTG-kurs med heile 46 deltakarar som vi kan ynskje velkomne som nye medlemmer i klubben. Sjølv om veret ikkje var på sitt beste, fekk vi gjennomført flotte kurs med godt humør og stort engasjement.

Takka vere innsatsen frå mange av klubbens medlemmer gjekk gjennomføringa svært godt, og vi har berre fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Det er ekstra kjekt å høyre at dei har sett pris på både opplegget og den hjelpa dei fekk undervegs.

Vi fekk også mykje skryt for bana, noko vi er både stolte av og glade for.

Ein stor takk til alle som bidrog før, under og etter kurset. Dykkar innsats var avgjerande for at dette vart ei så vellukka helg! 🙌

Andre innlegg

Serieturnering nr 4, 2026

Serieturnering 4 går av stabelen onsdag 03. juni kl 18.30. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00. Meld deg på her. Turneringa har herre, dame og juniorklasse. Vel møtt!

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...