1. Seniorturnering

20. april, 2021

Veret viste seg frå si beste side då 25 ivrige spelarar deltok på ein bane som bar preg av at kong vinter ikkje heilt hadde sleppt taket. Ein del ballar vart slått i snø, og mange greenar var humpete og uforutsigbare. Med det i tankane var det imponerande å klare +1 eller +3 som ein del klarte. Vinnarane vart Vidar Østerbø og Marit Slaattelid Skeie. I menn +70, ny klasse i år, gjekk Asbjørn Skjelvan av med seieren. Vi gratulerer alle saman! Resten av resultata finn du i golfbox.

Sigbjørn Laupsa var klar for sesongen – dessverre klikka pc’n så resultata kom ikkje opp på veggen i Lunden som planlagt.

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned