25 seniorar deltok i strålande sommarver. Sigbjørn Laupsa hadde som vanleg alt klart, dvs kaffi, sjokolade og bollar i tillegg til gruppe-scorekort. Sidan vi var 25 hadde han delt oss i 7 flighter. Kveldens vinnarar var Astrid Karin Sundfjord og Gert Remeijer. Vi gratulerer! Etter at Gert og Andre hadde fått resultata opp på veggen på ein rask og effektiv måte, vart det trekt ein overraskelse til to av dei spelarane som var igjen i Lunden. Med andre ord ein triveleg kveld på banen og i Lunden. Er du interessert i fleire resultat må du gå til Golfbox.
🎯 Target Zone!
No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...

