Tusen takk!

19. august, 2019

Tusen takk til alle dei 22 som møtte på dugnaden! Vi fekk gjort alt som stod på lista vår, så no vert det mindre å gjere til våren reknar vi med.

Minitraktoren var eit kapittel for seg; først stoppa den, så fekk dei han i gang igjen vha bakkestart – deretter gjekk den 300 meter, og så datt eit av hjula av! Inni der hjulet skal vera var det finmekanikk, og då må spesialist på banen, så viss du ser traktoren ved hol 1 så veit du kvifor!

Lift vart leigd for å fiksa nettet, men den viste seg å vera for kort, så då kom det kranbil med korg som 2 heldige menn vart heist til topps i. Nettet vart fiksa og delvis drege til sides! Resten av nettet vart og fiksa, men det heng ute for banen og driving rangen er framleis open! Det vil kome melding her og på FB ein dag før vi stengjer.

Innimellom all jobbinga serverte vi heimebakst og kaffi/te med smittevernreglane i fokus. Vi hadde og premieutdeling for dei turneringene som gjenstod. Alle resultata ligg i Golfbox. Viss du skal ha premie og ikkje var der, så får du den av nokon som var der og tok den for deg.

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned