Ved feil vart ikkje revidert terminliste lagt ut på nettet i vår og det har skapt forvirring omkring tidspunktet for klubbmeisterskapet. Styre ber om orsaking for feilen og for dei ulemper dette fører med seg for medlemene. Klubbmeisterskapet vert arrangert 21.august kl. 15.00. Bakgrunnen er at styre tidlegare har ønskt å samkøyre klubbmeisterskapet med andre klubbar for mellom anna å få sendt inn resultat til Norsk Golf som kunngjer resultat og bilete av alle klubbmeistrar. HGK har tidlegare arrangert klubbmeisterskapet ei eller to veker seinare enn det som er vanleg i andre klubbar. Styre har teke bort terminlista frå sida her og sletta kalenderen, for at turneringsinformasjon og annan aktivitet vert kunngjort ein stad – i Golfbox.
Påminning om betaling av medlemskap
Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...