Grillturnering 29. juni

3. juni, 2024

HGK inviterar til ei trivelig scrambleturnering (lagturnering) laurdag 29.06 kl. 16.00.

Etter at alle har spelt 12 hol blir det servering av grillmat i Lunden. Her får ein ei super moglegheit til å bli betre kjend med ei andre som spelar golf i klubben, samstundes som det blir rom for å diskutere idear og forslag til forbetringar av klubben og bana.

Saman med grillmaten blir det òg ei premieutdeling.

Meld på deg sjølv og eventuelt 1-2 medspelarar i Golfbox!

Andre innlegg

🎯 Target Zone!

No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...

VTG-kurs i helgen⛳

I helgen har vi gjennomført et nytt Veien til Golf (VTG)-kurs. Til tross for skiftende vær stilte deltakerne med godt humør, stor innsats og lærelyst gjennom hele helgen. Deltakerne har fått en innføring i golfens grunnleggende teknikker, regler og etikette, og vi...

Påminning om betaling av medlemskap

Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...