Årets kjekkaste dugnad!

19. september, 2024

Ballplukke-dugnads-turnering laurdag 21.sept.

Klarer me å fylla ballautomaten full??
Laurdag 21. september vert det dugnad med ballplukking rundt drivingrangen. Etterpå vert det parturnering der to stk speler best-ball.

Programmet vert slik:

  • Kl. 10. Frammøte og start ballplukking
  • ca. Kl. 11.30 – 12 Servering av grillpølser i Lunden.
  • ca. kl. 12 – 12.30 Parturnering (Me deler inn laga)
  • ca. kl. 15 Kaker/kaffi/brus og premieutdeling.

Alle er velkomne til å delta om du er liten og stor – nybegynnar eller erfaren spelar. Og best av alt: Dette er gratis for deg som deltek på dugnaden.
Få med deg far / mor, besten og besto eller ein venn som speler golf.
Meld deg på turneringa i Golfbox innen fredag 20. sept kl 18.

NB! Alle må hugsa å ta med seg 1 bøtte til å plukka ballar i.

Dersom du berre vil vera med på turneringa, så koster det kr. 500,-

Andre innlegg

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned

Resultat frå turneringar 2025

Her er resultata frå årets turneringar. Den som gjekk av med seieren og best score gjennom serieturneringane var Vidar Østerbø hjå mennene, og av kvinnene stakk Anette Stuve av med seieren både der og i klubbmeisterskapen. Vinnaren av klubbmeisterskapen for mennene...