Sesongen går mot slutten og søndag kl 12.00 vert det dugnad på golfbanen og deretter ein liten turnering kl. 14.00. Me skal klargjera driving-range før vinteren og stenging. Arbeidet som må gjerast er spesielt å få plukka opp så mange plugga baller på driving-range og i skogen som mogeleg. Dette er arbeid som passar for medlemer i alle aldrar. Ta med deg ein ven og kom.
Dei som vil spela turnering må melda seg på “Avslutningsturnering” i Golfbox. Meld deg på her.
Det vert spela lagturnering med 2-3 spelarar på kvart lag og me speler “Texas scramble” over 6 hol. Lag set me opp rett før turneringa starter. Dei som er med på dugnad betaler ikkje turneringsavgift.
Møt opp med godt humør, og ta gjerne med redskap som du tykkjer kan passa til å ta opp plugga baller med. Dersom du har ei god saks til å klippa greiner med, så ta den gjerne med så kan me kanskje få rydda litt i skråning under utslagsrampene også.
🎯 Target Zone!
No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...