Banen er stengt

8. november, 2023

Frosten har komt, og for å ivareta greenane og banen er det bestemt å stengje for i år. Takk til alle medlem og besøkjande ved Hardanger Golfklubb denne sesongen!

Andre innlegg

Siste sjanse!

Årets siste turnering! Førstkomande søndag kl 12.00 vert det arrangert scrambleturnering. Ein speler då 2 og 2, eller 3 og 3 saman på lag, med den best plasserte ballen til ei kvar tid. Etter turneringa vert det servert kaffi og vafler i klubbhuset med premieutdeling...

Lokal golfar tangerar Hovland!

Jostein Solberg gjentek suksessen frå tidlegare sesongar, og varta opp med nok ein hole in one på Børve golfbane. Jostein står dermed likt med Viktor Hovland etter endt sesong med tanke på antall hole in one's i 2023. Me gratulerar!

Årets klubbmeisterskap!

Sundag 3. september gjekk det gjeve klubbmeisterskapet av stabelen. Véret viste seg ikkje frå si beste side, men mange varta opp med lave scorar og birdiar innimellom. På herresida vart det Jon Klyve som gjekk runden på lavast score, mens Astrid Sundfjord stakk av med...