Vi har no teke sommarferie, men held fram til hausten når skulen startar att. Då blir det trening kvar veke i alle fall til haustferien. Å vere med kostar 300kr for heile året og fritidskortet gjeld. Instruktøren, Michael Iversen, har hatt frå 8 til 4 ungar i alderen 6 til 12 år kvar tysdag i vårsesongen, og han har vore flink til å sjå og veilede den enkelte. Mange av dei som har møtt fram kvar veke, har hatt stor framgang. Som med all anna idrett er trening den medisinen som gjer deg god! Stor takk til Michael og til ungane som møtte fram.
Avslutningsturnering og dugnad søndag 1.nov kl 12.00
Sesongen går mot slutten og søndag kl 12.00 vert det dugnad på golfbanen og deretter ein liten turnering kl. 14.00. Me skal klargjera driving-range før vinteren og stenging. Arbeidet som må gjerast er spesielt å få plukka opp så mange plugga baller på driving-range og...




