Dugnadsarbeid og åpning av banen!

29. april, 2023

Idag vart det arrangert dugnad på Børve golfbane. Vidar Østerbø har hogd mykje skog i løpet av hausten, så idag rydda nokre av dei oppmøtte opp driving rangen og skogen for pas. Jostein Solberg stod for klargjeringa av køyretøya i maskinparken, samt plukking av ballar på rangen. Mange har vore oppe og jobba i løpet av våren for å gjera banen klar til sesongstart, og no er den endeleg klar til spel. Me oppmodar alle om å børsta støvet av køllene, og koma seg ut på banen. Lykke til!

Andre innlegg

Påminning om betaling av medlemskap

Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...

Utsatt serieturnering

På grunn av dårleg vær samt at greenane vart pigglufta og dressa på laurdag, er onsdagsturneringa denne veka flytta til neste veke, dvs. den 17. juni. Påmelding i Golfbox innan onsdag 17. juni kl 12.00. Meld deg på her.

Arbeid på banen laurdag 06. juni

Laurdag vert det litt arbeid på golfbanen frå kl 13 til ca 17. Greener må holpipast og dressast. Dette er heilt nødvendig for å få fine greener denne sesongen. Arbeidet må dessverre gjerast når det er bra vær. Me mangler og 2-3 personer til å vera med på dugnad frå kl...