🎉 Fantastisk nyheit for barne- og juniorgolfen i Hardanger Golfklubb! ⛳

3. juni, 2026

I dag mottok vi heile 142.000 kroner i støtte frå Sparebanken Norge til arbeidet vårt med barn og unge.

Midlane skal nyttast til å gjere golfen tilgjengeleg for alle gjennom utlån av golfbaggar og utstyr, vidareutvikling av treningsfasilitetar, egne utslag og innkjøp av drakter til juniorane våre.

Dette er eit viktig bidrag som gjer at fleire barn og unge kan oppleve golfglede, meistring og fellesskap – uavhengig av bakgrunn og erfaring.

Vi er utruleg takksame for støtta og ønskjer å rette ein stor takk til Sparebanken Norge for at dei bidreg til å utvikle barne- og junioraktiviteten i klubben vår. 💙

Andre innlegg

Avslutningsturnering og dugnad søndag 1.nov kl 12.00

Sesongen går mot slutten og søndag kl 12.00 vert det dugnad på golfbanen og deretter ein liten turnering kl. 14.00. Me skal klargjera driving-range før vinteren og stenging. Arbeidet som må gjerast er spesielt å få plukka opp så mange plugga baller på driving-range og...

🎯 Target Zone!

No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...

VTG-kurs i helgen⛳

I helgen har vi gjennomført et nytt Veien til Golf (VTG)-kurs. Til tross for skiftende vær stilte deltakerne med godt humør, stor innsats og lærelyst gjennom hele helgen. Deltakerne har fått en innføring i golfens grunnleggende teknikker, regler og etikette, og vi...