Generalsponsoren vår

6. mai, 2021

På vegne av Sparebanken Vest overrekte banksjef Lars Audun T. Torvik ei forseinka julekalendargåve til leiaren i golfklubben, Vidar Østerbø. Teksten på bilete seier, “Hardanger golfklubb får 40.000 frå SparebankenVest sin julekalendar 2020. Pengane skal gå til investering i bærekraftig vedlikehald.
Skal vi ta vare på det verdifulle vi har her på Vestlandet, gjer vi det saman – for saman gjer vi det betre.”

På vegne av alle medlemmene seier vi tusen takk og lovar at pengane skal investerast i bærekraftig vedlikehald!

Andre innlegg

Banen er stengt

Frosten har komt, og for å ivareta greenane og banen er det bestemt å stengje for i år. Takk til alle medlem og besøkjande ved Hardanger Golfklubb denne sesongen!

Siste sjanse!

Årets siste turnering! Førstkomande søndag kl 12.00 vert det arrangert scrambleturnering. Ein speler då 2 og 2, eller 3 og 3 saman på lag, med den best plasserte ballen til ei kvar tid. Etter turneringa vert det servert kaffi og vafler i klubbhuset med premieutdeling...

Lokal golfar tangerar Hovland!

Jostein Solberg gjentek suksessen frå tidlegare sesongar, og varta opp med nok ein hole in one på Børve golfbane. Jostein står dermed likt med Viktor Hovland etter endt sesong med tanke på antall hole in one's i 2023. Me gratulerar!