GOLFKURS 23.08. ÅRETS SISTE

19. august, 2024

Ynskjer du å læra deg golf før sommaren er i gang? Då er du nøydd å bli med når Hardanger golfklubb arrangerer golfkurs 23.08 kl. 17.30-20.30! Dette er det siste kurset me arrangerer før sommaren. Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på golfbana.

Kurset er delt over to gangar. Den fyrste gangen er fredag 23.08. Del to av kurset blir avtalt mellom kurshaldar Harald Buene og kvar enkelt deltakar på kurs del 1.

Vegen til golf (VTG) kostar 1900 for vaksne og kr 600 for juniorarDet året du gjennomførar VTG-kurs får du gratis medlemskap og spelerett ut året! Året etter gjennomført VTG-kurs får ein gratis spelerett, men må betale årsmedlemskap (spelerett betyr at du kan spele fritt på bana). 😁 📞 Påmelding og spørsmål sendast til Harald Buene 99384085

Dette er siste moglegheita til å ta golfkurs hos Hardanger Golfklubb i 2024.

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned