Hole in One!

6. mai, 2021

Det er det ikkje mange som oppnår i golflivet, men i går skjedde det! På det siste holet (hol 6) i den andre serieturneringa slo Erling Neteland ballen rett i koppen frå utslagstee!!! Vi gratulerer!

Noko anna som var positivt, var talet på deltakarar, 5 damer og 19 herrer stilte til start! Meininga er å få resultatlist på veggen i Lunden rett etter turneringa er slutt, og sjøl om det var kaldt var folk att og fekk med seg resultata. Vinnarane i 2.dre runde vart Randi Hjemlestad og Terje Storeng. Vi gratulerer! I tillegg vart det trekt ut ein heldig vinnar av golfballar på scorekortet.

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned