Førstkomande søndag er det KM i Klubben vår. Det er klassar for herrer junior (0-19), damer junior (0-19), herrer (19-49), damer (19-99), herrer senior (50-64) og herrer veteran (65-99). Dette er ein slagkonkurranse utan korreksjon for hcp, og vi går 18 hol. Meld deg på innan laurdag 26.08. klokka 16.00. Det er meldt fint ver, så her er det berre å melde seg på!
Oppmøte søndag 14.30, start kl 15.00.
Påminning om betaling av medlemskap
Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...