Litt nytt på banen

13. juni, 2021

No har vi lagt ut registreringsbok i kassen på veggen ved driving rangen – skriv deg inn i den før du går ut på banen. På grunn av smittevern er det best om du brukar eigen penn eller blyant, viss ikkje må du hugse å sprite deg etter bruk.

Du lurer kanskje på kva dei oransje markørene på banen er for noko? Dei markerer juniorutslag, og er såleis meint for barn og ungdom, men kan sjølsagt brukast av andre og.

Så til det som ikkje er greit, visste du at både snusputer og sigarettfilter inneheld mikroplast? Dessutan kan det ta opp til 10 år å nedbryte dei i naturen. Konklusjon, ta brukte snusputer og sigarettsneiper med deg heimatt!

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned