Lyst til å begynne med golf?

16. mai, 2021

No har du sjansen! Fredag 28.mai klokka 18 arrangerer vi dag 1 av “Vegen til golf” (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) – du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar viss du ikkje har vore inne før. Vi hjelper dei som melder seg på. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg gjennom diverse slag og reglar, slik at du er klar til å gå ut på banen. Kurset er ope for alle, og vi har utstyr du kan låne gratis. Dag 2 avtaler de fredagen.
Vi har same prisane som i fjor, dvs kr 1900 for dei over 18år og kr 600 for dei frå 12 til 18. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). Meld deg på til hardangergolfklubb@gmail.com så snart som mogeleg. Oppgjefullt navn, fødselsdato, adresse, tlf og e-post.

Andre innlegg

Serieturnering nr 3, 2026

Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned