Lyst til å begynne med golf?

16. april, 2021

No har du sjansen! Fredag 23.april klokka 18 arrangerer vi dag 1 av “Vegen til golf” (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) – du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar viss du ikkje har vore inne før. Vi hjelper dei som melder seg på. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg gjennom diverse slag og reglar, slik at du er klar til å gå ut på banen. Kurset er ope for alle, og vi har utstyr du kan låne gratis. Dag 2 avtaler de fredagen.
Vi har same prisane som i fjor, dvs kr 1900 for dei over 18år og kr 600 for dei under 18. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). Meld deg på til hardangergolfklubb@gmail.com så snart som mogeleg. Oppgjefullt navn, fødselsdato, adresse, tlf og e-post.

Andre innlegg

Rekordstort oppmøte på Grillturneringa 21.06

Laurdag 21.06 gjekk grillturneringa av stabelen på Børve. Med nærare 40 spelarar påmeldt er dette rekord, ekstra kjekt var det at store delar av deltakarane var yngre golfarar! Klubbsjef Harald Buene fortalte under grillmiddagen at han håpar at ungdommen fortsett å...

Vegen til golf (vtg-kurs) 10.mai

Vtg-kurset vert gjennomført 10.mai 11.00-19.00. For å bestå kurset må du få nødvendig golfinstruksjon på kursdagen, og i tillegg spela to runder på banen saman med “fadder”. For meir info og påmelding, ring Harald Buene tlf 99384085

BANEOPNING

Banen og er åpen for golfing frå og med i dag. Du bookar tee-time i Gimmie. Hugs på å legg på plass torv, og ikkje gå eller slå dersom det er frost i graset. Då vert graset øydelagd. Ha ein fin dag!