Nye prosjekt på golfbanen

15. april, 2021

I haust fekk vi midlar av Kvam herad til å lage eit overbygg over inngangsrampen til «Lunden» (offentleg terrassebygg, HC toalett, kjøken).
Lunden er mykje brukt av turgåarar i området då det er tilgjengeleg for alle som ynskjer. Eit overbygg over inngangsrampen vil sikre tørr og trygg inngang for eldre og rullestolbrukarar. Vi takkar heradet for midlane og er sikre på at mange vil verta glade for dette overbygget.
Arbeidet vil starte opp i vår.

Andre innlegg

ÅRSMØTEINFO

Årsmøte 2026_saklisteLast ned Årsmelding 2025 (2)Last ned Sak til årsmøte 2026 i HGK - vidare saksgang for utviding av golfbana versjon 2026-02-26 (002)Last ned Rekneskap_balanse_budsjettLast ned Forslag til vedtakLast ned

Resultat frå turneringar 2025

Her er resultata frå årets turneringar. Den som gjekk av med seieren og best score gjennom serieturneringane var Vidar Østerbø hjå mennene, og av kvinnene stakk Anette Stuve av med seieren både der og i klubbmeisterskapen. Vinnaren av klubbmeisterskapen for mennene...