Nytt nybegynnarkurs – Vegen til golf 21. juni 2022

10. juni, 2022

Nytt «Vegen til Golf», startar tysdag 21.juni klokka 18 på banen på Børve. Vil du vera med må du sende påmelding med navn, fødselsdato, telefonnr, postadresse til hardangergolfklubb@gmail.com
Her kan du lese meir om kurset https://www.golfforbundet.no/spiller/spille-golf/veien-til-golf/ Det er fint viss du tar E-læringskurset før du kjem. Prisen er som i fjor, 600 for deg som er under 19, og 1900 for deg som har fylt 19 eller er eldre. Du vil få e-post med innbetalingsinfo når du har meldt deg på. Etter kurset vil du få tilgang til Golfbox. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg trygt gjennom kurset. Vi har utstyr til låns. Velkommen!

NB! Som tidlegare år får du medlemsskap og fri spelerett resten av året inkludert i kurset. Dersom du betaler medlemskontingent for 2023 får du fri spelerett det året og.

Andre innlegg

Golfkurs 19. juni

Ynskjer du å læra deg golf før sommaren er i gang? Då er du nøydd å bli med når Hardanger golfklubb arrangerer golfkurs 19.06 kl. 17.30-20.30! Dette er det siste kurset me arrangerer før sommaren. Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og...

Grillturnering 29. juni

HGK inviterar til ei trivelig scrambleturnering (lagturnering) laurdag 29.06 kl. 16.00. Etter at alle har spelt 12 hol blir det servering av grillmat i Lunden. Her får ein ei super moglegheit til å bli betre kjend med ei andre som spelar golf i klubben, samstundes som...

Barnegolf

Bra oppmøte på barnegolf i dag!Ny moglegheit neste torsdag 17:30