Nytt “Vegen til golf”-kurs startar torsdag 4. august kl 17.30

25. juli, 2022

Nytt «Vegen til Golf», startar torsdag 4. august klokka 17.30 på banen på Børve. Vil du vera med må du sende påmelding med navn, fødselsdato, telefonnr, postadresse til hardangergolfklubb@gmail.com
Her kan du lese meir om kurset https://www.golfforbundet.no/spiller/spille-golf/veien-til-golf/ Det er fint viss du tar E-læringskurset før du kjem. Prisen er som i fjor, 600 for deg som er under 19, og 1900 for deg som har fylt 19 eller er eldre. Du vil få e-post med innbetalingsinfo når du har meldt deg på. Etter kurset vil du få tilgang til Golfbox. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg trygt gjennom kurset. Vi har litt utstyr til låns. Velkommen!

NB! Som tidlegare år får du medlemsskap og fri spelerett resten av året inkludert i kurset. Dersom du betaler medlemskontingent for 2023 får du fri spelerett det året og.

Andre innlegg

Åpningsturnering

Lørdag 20. april klokka 16.00 blir det åpningsturnering på Børve!⛳ Bli med på ei turnering som passer alle nivå! Påmelding skjer via Golfbox. Ta kontakt med Lars Audun Torsvik om du lurar på noko! 952 65 819

Medlemskap 2024

Ei lita påminning til alle golfarar ved Hardanger Golfklubb. Hugs å betala for medlemskap til kontonummer: 3530.26.38940. Prisar for medlemskap finn du på https://hardangergolfklubb.no/prisar/

Golfkurs våren 2024

Ynskjer du, eller kjenner du nokon som ynskjer å starta med golf? Me har no satt opp sesongens fyrste "Veien til golf"-kurs ⛳ Kurset vil gi deg ei praktisk innføring i kva golf handlar om, og omfattar trening i teknikk, reglar, sikkerheit og etikette på bana. Datoane...