Det var Pokalkamp mot Bjørnefjorden GK i går. Gert Remeijer spelte spesielt godt, og saman med Erling ( hole in one-Erling) vart dei beste par. Dessverre tapte Hardanger golfklubb med to slag likevel, men ingen grunn til å fortvila for det kjem omkamp til hausten!
Lokal golfar tangerar Hovland!
Jostein Solberg gjentek suksessen frå tidlegare sesongar, og varta opp med nok ein hole in one på Børve golfbane. Jostein står dermed likt med Viktor Hovland etter endt sesong med tanke på antall hole in one's i 2023. Me gratulerar!